Busetnadssoge for Sandøy

Busetnadssoge for Sandøy

Band 1 A, Lyngværet, Orta, Molde 2025.

Band 1 B, Sandøya, Gåsøya, Finnøya, Seterøya, kjem i 2027.

Band 2, Røssholmen, Ona og Husøya, Molde 2011.

Cover

Band 1 A er no i sal.

Så langt er 292 av 500 bøker selt.

Vil du kjøpe boka kan du gjere det her. 

Sikre deg boka i dag!

Busetnadssoga får du også kjøpt her:
Molde: Molde bibliotek
Aukra: Aukra bibliotek
Midsund: Midsund bibliotek
Sandøya: Sandøy Handelslag
Ona: Brun & Blå
Harøya: Innbyggjartorget på Steinshamn
Orta: hos Odd Arve Orten
Vestnes: Vestnes bibliotek
Hustadvika: Hustadvika bibliotek
Boka kan kjøpast med faktura ved å sende ein mail til randi@bergta.no

Nysgjerrig på boka?

Sjekk ut desse videoane!

Møt redaktøren

Møt redaktør og hovudforfattar

Randi Kristin Strand.

Du kan sjå videoen her.

 

Seterjentene frå Sandøy.

Alle kjenner sagnet om seterjentene frå Sandøya. Er det røyndom i sagnet?

Du kan sjå videoen her.

Møt ei eldsjel

Møt Odd Arve Orten, ei av dei aktive eldsjelene som gjer denne boka mogleg.

Du kan sjå videoen her.

Busetnadssoge for Sandøy

Band 1 A, Lyngværet, Orta

Band 1 B, Sandøya, Gåsøya, Finnøya, Seterøya

Band 2, Røssholmen, Ona, Husøya

Slektshistorie

Bøkene inneheld slektshistorie for alle gardar og heimar.

Begge bøkene er utstyrte med namneregister, eitt for kvar gard.

Gardshistorie

I bøkene finn du fyldige gardshistorier.

Under kvar gard er familiehistoriene til alle heimar skriven som ei samanhengande historie.

Grendehistorie

Grendehistoria omhandlar næringsliv, infrastruktur, skulehistorie, krigshistorie samt historie om kultur- og folkeliv.

Difor støttar vi Busetnadssoga

Martin Sandøy


Martin fra Sandøya ga jernet: skapte industrieventyr i Molde etter hint fra søskenbarn.

Martin Gustav Johansen Sandøy ble født 15. mars 1890 på gården Linningsvoll på Sandøya, som den yngste av seks brødre. Som 18-åring startet han som dreier og montør hos Nils N. Finnøy Motorfabrikk, før han tok ingeniørutdanning ved Skiensfjordens Maskinistskole. Etter studiene jobbet han som tegner hos Brødrene Brunvoll Motorfabrikk i Molde, og hadde to opphold i Amerika for å skaffe kapital og erfaring. I 1929 oppfordret hans søskenbarn Arthur Brunvoll ham til å returnere til Norge og starte jernvarehandel i Molde. Ambisiøse Martin fulgte rådet, og i 1930 etablerte han Molde Jarnvareforretning AS.

Med vår historiske tilknytning til Sandøya har det vært en glede å støtte arbeidet med Busetnadssoga for Sandøy.

Skjermbilde 2025-10-30 kl. 18.33.54
SKM_C300i24091606231-kopi

Nokre gonger er dei hardaste kår den beste skulen for eit forretningseventyr.

Jonas Orten vaks opp som den yngste av fem søsken i Anestauå. Barndomen på husmannsplassen var fattigsleg, med ein far som var sjuk og ei mor med altfor mykje å henge fingrane i. Men bakgrunnen tok ikkje knekken på draumane som spirte i ungguten frå Orta. Berre 34 år gammal starta Jonas si eiga forretning, J. Orten, i Molde. Verken dyrtid eller krig kunne stogge den verkelystne Ortingen. Forretninga vaks, og i 1968 var han ikkje snauare enn at han inviterte med seg dei tre største konkurrentane for å starte ELMO.

Det var i fjor 100 år sidan draumen kom til liv, ein draum som starta på ein karrig, liten husmannsplass på ei øy ute i havgapet.

Vi er stolte og glade over å kunne støtte arbeidet med Busetnadssoge for Sandøy - historia om der eventyret starta.

Annonse i RB 03.05.1924

Vil du støtte arbeidet med Busetnadssoga?

Arbeidet med Busetnadssoga er tidkrevjande og kostbart. Alle bidrag til prosjektet, store som små, er difor kjærkomne. Alle som støttar prosjektet økonomisk vil bli takka i boka.

Kontakt oss på randi@bergta.no for nærare avtale.