Openberre fakta om meg som eg trur alle veit

Eg er fødd på Osterøy i Hordaland, men har slektsrøtene mine solid planta på nordvestlandet og i Hokksund. Er vel av dei få – heldigvis– som har ein vassekte diktator i slekta. Say no more.
Har utdanning som faghistorikar frå NTNU med hovudfag i historie. Sidan 2015 har eg drive mitt eige føretak, Bergta! som har 10-årsjubileum no i desember!
Er nysgjerrig av natur, elskar å grave i gamle kjelder og har skrive to bygdebøker frå gamle Sandøy i Romsdal:
Busetnadssoge for Sandøy, band 1 A, Lyngværet, Orta, Molde 2025
Busetnadssoge for Sandøy, band 2, Røssholmen, Ona, Husøya, Molde 2011
Den tredje boka kjem i 2027:
Busetnadssoge for Sandøy, band 1 B, Sandøya, Gåsøya, Finnøya, Seterøya
Har arbeidd i mange år med research for andre forfattarar. For Edvard Hoem gjeld det bøkene Jordmor på jorda, Felemakaren og Husjomfru. For Benedicte Maurseth, boka Systerspel.
Elskar å skrive og har fått stipend frå NFFO og Fritt Ord for å skrive ungdomsbok som eg har halde på med ganske lenge no, og som straks skal freiste lukka hos forlaga. Kryssar fingrar og tær for den! Har elles «skrivebordsskuffen» full av dikt, og eit fantasymanus som eg ikkje er ferdig med enno.
Driv ei FB–side der eg hjelper folk med slektsgransking, Vinterveien, og har ein YouTube-kanal.
Er mor til fem vaksne barn, fire jenter og ein gut og er «bestemor med alle kjolan»/ «bekkebu» til tre barnebarn.
Har vore leiar for eit barneteater, Poppeloppeteatret i Molde.
Spelar PokemonGo på fritida, ein aktivitet som gir daglege gåturar, mange vener i alle aldrar, mykje moro og latter.
I oppveksten spela eg piano og var med i korps der eg var tamburmajor, spela klokkespel og klarinett, men det vart aldri «mi greie».
Fullstendig kløne i alle slags idrettar.
Er glad i fantasy mellom to permar og på film. Er dessutan hekta på Sør-Koreanske seriar.
Elskar fuglar og fuglekikking.
Kan ikkje leve utan naturen!
Les mykje! I fjor hadde vi høgtlesing av skodespel av Jon Fosse på julekvelden. Ja, familien min er ikkje heilt A4…
Er høgsensitiv og får med meg mykje. Er ei kjenslevar kunstnarsjel.
Boblar over av idéar. Må ofte stogge på tur for å notere dikt på mobilen.
Faksimile: Malin Lausund Lillevold/Haramsnytt 26.6.25

0 kommentarer
Legg igjen en kommentar
Vennligst logg inn for å legge inn en kommentar